Tenkte eg skulle blogge litt igjen... etter ein pitteliten pause (av naturlege årsakar =P)
Skal love å ikkje gå for mykje i detaljer, men litt av fødelshistorien må eg ha med =P ...
Onsdags morgon våkna eg av ein liten ri... bekymra meg ikkje so mykje ettersom eg hadde hatt MANGE av desse so ikkje vart te noke meir... men då klokko te Stian ringte kl halv fem hadde eg hatt gjevne rier i 1 og ein halv time... =)))) eg va lykkelig! Stian va litt meir stressa =P
Han fekk ikkje gå på jobb denne morgonen! So streng måtte eg vera. Timane gjekk og i halv to tiden ringte eg te jordmor og ho ville me sku komma i Knarvik å bli undersøkt. Siden riene var temmelig uregelmessige, va eg veldig innstilt på at me sku heim att.... men neidå! Me fekk beskjed om å reisa te byn... me kom på Storken i halv fire-tiden, og etter 8 times beinhard jobbing kl 23.59 kom den nydelige lille Emil-gutten vår til verden =) 09.februar 2011 =) Den følelsen ei mor får når ein får sitt nyfødte barn på brystet kan over hode ikkje beskrivast med ord... Tårene trilla, og eg kunne ikkje vore lykkeligare... te og med den tøffe pappaen måtte vise litt av sin følsome side då =D
Den pittelille klumpen som kom ut viste seg å vega heile 4200 g og var 54 cm =) Ein lang og sprek og perfekt gutt <3


Må berre legge te at når eg kom og sa at eg var gravid med Sebastian, sa min kjære svoger, at han kjem den 9.november... og tirsdags kvelden fekk eg melding av han igjen at eg måtte ha lykke til i morgen... Jaggu fekk han ikkje rett IGJEN!!! Eg er imponert!!! hehe.... Er jo og ganske vittig at eg og Stian har bursdag den 6. begge to, mens no guttane har den 9. =) hmmm.... ein perfekt familie?? =P
Etter fødselen, og når ting hadde roa seg, reiste Stian heim att te storebroren, mens eg og Emil fekk oss ett rom på Storken og sovna...
Dagen etterpå kom den stolte storebroren på besøk. Han såg rart på både meg og Emil når han kom...

heldigvis gjorde ikkje Emil so mykje ut av seg, so me kunne konsentrere oss om Sebastian =) Dei hadde med seg masse godt å eta, ein nydelig bamse til Emil og 10 langstilka roser til mor =)))
Etter ein time kom tante Kristine på besøk =) Ho hadde med pakke te både store- og lillebror og ein nydelig orkidè te mor og far =) ... Sebastian var strålande fornøyd med det... men når tanto berre nett skulle ta opp Emil litt, fekk ho beskjed av Sebastian om å berre legga han oppatt i =)
Etter at besøket var gått, gjekk eg og Emil og la oss igjen =)
Morgonen etter kom Stian å henta oss heim att =) Sjøl om eg so og sei var åleine på storken desse dagane... skulle da verta veldig godt å komma heim att =)

Emil likte seg godt oppi bilstolen han, sjøl om mammo syns da va skummelt å putta den lille klumpen nedi den stolen =P Han sovna med ein gang, og sov te me kom heim...

Her kvilar me oss litt i vuggen =)

...To trøtte typer...

I helga har me hatt mykje besøk =) Mange so vil helsa på det lille nurket vårt =) Fekk ein nydelig blomstarbukett av min kjære mor so eg berre måtte ta bilde av =D
Ha ein strålande dag videre =)
