onsdag 18. mai 2011

Leseglede

I går las eg ut boka 3096 dager, om/av Natascha Kampusch. Ei gripande historie...som alle bør lesa! Her får du ei meir personleg vinkling på historia enn den media har vist...


Det er ikkje ofte eg les bøker, og spesielt ikkje på denne årstiden.
Det er liksom på dei kalde høstkveldane eg pleier å finne ut at eg skal begynne å lese...ellers tar eg meg liksom aldri tid til det...så derfor må eg jo nesten markere dei få bøkene eg les =) haha... nei, skulle verkeleg ønske at eg fekk lest litt meir...

Så derfor er det veldig kjekt om deko vil komme med dekas anbefalinger....=)
Kva bøker er verd å ha i bokhylla???
( har jo egentlig ikkje noke bokhylle ein gang eg... men da kan eg jo alltid mekka =P )

Nye tekopper =)))

Eg har kjøpt meg 4 nye tekopper i dag....dei stod der, i butikkhyllen å berre ropte på meg. Den var berre så nusselige!! Så..opp med ei hand den som vil komma å drikka te med meg =)




søndag 15. mai 2011

Mine nyaste prosjekt =)

Hei hei! Etter at eg vart 2 barnsmor har liksom blogginga ikkje blitt prioritert...men eg har absolutt ein del prosjekt på gang for det =) Så tenkte eg skulle legge ut litt av det eg har gjort i helga =) Var innom på Gjennbruken i Knarvik i går og fann ett nydelig gammalt "telefonbord" eller kva det er ?! =) Eg såg virkelig potensialet med det. Til kun 150 kr!!! Det var i mørkt tre med ein velur-pute på siden der....
men etter ein omgang med malerkosten min, og ett nytt møbelstoff på puten, vart da slett ikkje verst!!! Handtaket på skuffen knakk av når Sebastian skulle åpne den, så det må eg kjøpe nytt... men da får eg ta ein an dag =)
Her er ett bilde av resultatet...
(Det er ikkje så lett å sjå på dette bildet, men puten på setet er lilla =P )



Så var det dette kjøkkenet mitt... Har lenge hatt ein plan om å male det, men da har liksom ikkje blitt før....
men no er det gjort!!! Er veeeldig fornøyd!
Før var veggene ein slags blåfarge....


Så har eg endelig hengt opp "wallstickeren" eg kjøpte før jul ein gang =) Syns det passa veldig bra på det "nye" kjøkkenet mitt!!! =)


"wallstickeren" på nært hold...


Sånn! Det var det for denne gang =) Satser det ikkje vert så lenge til neste gang =P Prosjekter mangler det ikkje på iallefall...så her er det muligheter!!

onsdag 16. februar 2011

...og så var me 4 =)

Tenkte eg skulle blogge litt igjen... etter ein pitteliten pause (av naturlege årsakar =P)
Skal love å ikkje gå for mykje i detaljer, men litt av fødelshistorien må eg ha med =P ...
Onsdags morgon våkna eg av ein liten ri... bekymra meg ikkje so mykje ettersom eg hadde hatt MANGE av desse so ikkje vart te noke meir... men då klokko te Stian ringte kl halv fem hadde eg hatt gjevne rier i 1 og ein halv time... =)))) eg va lykkelig! Stian va litt meir stressa =P
Han fekk ikkje gå på jobb denne morgonen! So streng måtte eg vera. Timane gjekk og i halv to tiden ringte eg te jordmor og ho ville me sku komma i Knarvik å bli undersøkt. Siden riene var temmelig uregelmessige, va eg veldig innstilt på at me sku heim att.... men neidå! Me fekk beskjed om å reisa te byn... me kom på Storken i halv fire-tiden, og etter 8 times beinhard jobbing kl 23.59 kom den nydelige lille Emil-gutten vår til verden =) 09.februar 2011 =) Den følelsen ei mor får når ein får sitt nyfødte barn på brystet kan over hode ikkje beskrivast med ord... Tårene trilla, og eg kunne ikkje vore lykkeligare... te og med den tøffe pappaen måtte vise litt av sin følsome side då =D
Den pittelille klumpen som kom ut viste seg å vega heile 4200 g og var 54 cm =) Ein lang og sprek og perfekt gutt <3


Må berre legge te at når eg kom og sa at eg var gravid med Sebastian, sa min kjære svoger, at han kjem den 9.november... og tirsdags kvelden fekk eg melding av han igjen at eg måtte ha lykke til i morgen... Jaggu fekk han ikkje rett IGJEN!!! Eg er imponert!!! hehe.... Er jo og ganske vittig at eg og Stian har bursdag den 6. begge to, mens no guttane har den 9. =) hmmm.... ein perfekt familie?? =P


Etter fødselen, og når ting hadde roa seg, reiste Stian heim att te storebroren, mens eg og Emil fekk oss ett rom på Storken og sovna...


Dagen etterpå kom den stolte storebroren på besøk. Han såg rart på både meg og Emil når han kom...



heldigvis gjorde ikkje Emil so mykje ut av seg, so me kunne konsentrere oss om Sebastian =) Dei hadde med seg masse godt å eta, ein nydelig bamse til Emil og 10 langstilka roser til mor =)))


Etter ein time kom tante Kristine på besøk =) Ho hadde med pakke te både store- og lillebror og ein nydelig orkidè te mor og far =) ... Sebastian var strålande fornøyd med det... men når tanto berre nett skulle ta opp Emil litt, fekk ho beskjed av Sebastian om å berre legga han oppatt i =)


Etter at besøket var gått, gjekk eg og Emil og la oss igjen =)


Morgonen etter kom Stian å henta oss heim att =) Sjøl om eg so og sei var åleine på storken desse dagane... skulle da verta veldig godt å komma heim att =)



Emil likte seg godt oppi bilstolen han, sjøl om mammo syns da va skummelt å putta den lille klumpen nedi den stolen =P Han sovna med ein gang, og sov te me kom heim...



Her kvilar me oss litt i vuggen =)
...To trøtte typer...I helga har me hatt mykje besøk =) Mange so vil helsa på det lille nurket vårt =) Fekk ein nydelig blomstarbukett av min kjære mor so eg berre måtte ta bilde av =D
Ha ein strålande dag videre =)

tirsdag 1. februar 2011

Jaggu vart da ikkje sydd litt te i dag =)

I dag sydde eg rett og slett berre ett dynetrekk te...dette litt større, og med eit litt anna stoff =) Tenkte vuggen og sku få fornya seg litt =)
Er veldig lett å sy dynetrekk folkens...og pynten eg har på er kun ein blonde eg har tredd blått silkeband på....så syr eg berre det tvers over. Her laga eg to rekker, siden eg hadde kjøpt litt mykje =P
Vert veldig dekorativt...og til ein så billig penge... =)


Ønsker alle ein super kveld!!!

mandag 31. januar 2011

Blei PLUTSELIG så inspirert =P

I dag har eg hatt meg ein tur te Åsane. Datt innom både Panduro og Stoff og Stil i Salhus...FARLEGE butikkar =P Eg blei inspirert etter at eg var inne på bloggen til Marion. Ho hadde sydd ett flott dynetrekk te vogna te den lille jento ho venta...DA måtte jo eg og prøva på =P Og eg vart VELDIG fornøyd med resultatet =D





















Eg laga og ein liten pynt som skal henge på vogna =) Den såg eg og inne på bloggen til Marion =))Må vere lov å stjele litt idear...




For nokre veker siden kjøpte eg ei ny hylle på IKEA. Eg kjøpte og noken svarte korger eg sku ha inni...men syns at kvitt hylle, med heilt svarte korger vart litt rart...så derfor kjøpte eg og ein blomsterbord på Stoff og Stil, som eg har limt på korgene =) for å bryte litt... Syns da vart finare sånn... =) So får me sjå kor lenge dei får henge i fred =P








... Eg fann og noken flotte merker ( på Panduro) som kan limast på vegger/dører =)

Denne har eg hengt på døra te MITT soverom =P








...og denne på døra te badet =)

Syns da vart flott eg =) Tar fokuset vekk frå dei stygge dørene iallefall =P





Denne limte eg på vifto på kjøkkenet =)







men hadde litt energi igjen, så derfor sydde eg meg to nye putetrekk te to puter eg hadde i sofaen =) Da viser ikkje so godt på bildet, men trekket er i ett grovt, lilla møbel-stoff =) Passa veldig godt oppi min sofa....tenkte sjå om eg fann noken litt store knappar eg kan sy på og...men da vert ikkje i kveld =P
No er det unge mødre, so rett i seng!! Sånn i tilfelle da sku no skje noke i natt =P
Ha ein strålande kveld vidare!!!

fredag 28. januar 2011

Verdens BESTE te =))))

Eg mååå berre dela med deko at eg har funne verdens beste te =D Jupp!!
Den er kjøpt på helsekosten, og smaker lakris og kanel...rar kombinasjon seie du??? Den mååå prøvast!!! Eg er rett og slett hekta...drikk fleire kopper om dagen...sikkert ikkje sundt... hehe....men godt!!Denne skal alle få te jul neste år! Da ekje tvil!! =D Sånn!! No fekk eg sagt da! =P Ha ein fortsatt fin dag

torsdag 27. januar 2011

Søndagstur =)

Søndagen denne veka hadde me oss ein flott spasertur. Me har ikkje hatt internett siden fredages kveld, så derfor kjem publiseringa litt seint =P
Sebastian va strålande fornøyd med at me skulle ut å gå litt... han ville ned te sjøen å "plaksa-stein" =) Og med eit lite håp om at da kunne hjelpa til meg å setja igang fødsel, var eg og ivrig med... =P


Me gjekk bort på Andås, og ned i fjøro.....der fann me mykje rart =)
...og ALT skulle kastast på sjøen =) Sebastian fann ein liten kråkebolle....Stian kalla da noke anna løye...men eg og Sebastian va enig om at detta va ein kråkebolle!
"Sjå Mamma, eg fiska litt...nett so Besten"

Me hadde med bæremeisen sånn i tilfelle mammen vart trøtt =P Her va da Sebastian som ville prøve litt...
Her "plaksa" me litt stein...

Når me kom tebake te kaien på Stall...va mammo ganske trøtt...heldigvis va Besten ute med båten, og hadde ATVèn inne i naustet....den lånte me opp igjen bakken, alle 3 (og ein halv) =P Da va litt kjekt!!


Va ein flott tur....meeen vart ingen fødel denne dagen heller.... =P

onsdag 19. januar 2011

8års dag



I går hadde eg og min kjære Stian vore ilag i heile 8 år =))) Dette måtte jo feirast...haha...neida!! Stian va sjuk og ikkje i form. Likevel hadde han handla med ein nydelig blomsterbukett te meg.... med ett kort der det sto; fortsatt glad i deg... hehe =))) Vart veldig fornøyd eg...trudde ikkje han huska da ein gang ;O)
Eg va ein tur i Knarvik, og fann ut at eg skulle kjøpa ein liten ting te han og...
og siden han va sjuk, etter å ha spelt so mykje fifa nedi den kalde fifa-støvo si, so fann eg ut at ett "fifa-pledd".......

....og ein vifteovn va midt i blinken ;OP Eller ein varmesøyle, so den heite so fint...

Han vart stålande fornøyd. Så i dag kunne han vera varm og god når han skulle spele der nede =)
Siden han ikkje va i noke slag i dag heller, så diska eg opp med ein liten lunsj te han =))) Va ikkje den lekker... heimalaga kakao, nysteikt bolle fra Rema 1000 =P og litt sundt te dessert =) Må jo varta han opp litt når han e so heise sjuk....for sjuke menn er ikkje noke kjekt...so satsa på at han vert frisk att fort!!! =) Me skal jo tross alt føda snart... hehe...


Etter litt rydding i huset, og ett lite slag med scrabble på dataen...so kjørte me inn å henta turboen vår i barnehagen =)))) No skal eg laga raspeballer te middag... ;O)

torsdag 13. januar 2011

3 skal snart verta 4 =D

Ja, berre for få veker siden tok ein graviditets test som viste at eg var gravid....og no... er det liksom plutselig gått 9 mnd, og streken på testen er blitt ein diger ball på magen min...hmm.. kor vert denne tiden av???
Trur Sebastian og er veldig spendt på detta vesenet so skal komma ut snart.... stakkars gutt, som ikkje har aning om ka som venter... hehe...venter spendt på kommentarane hans =)

Han forstår litt meir no, når me begynner å innrede til at babyen skal komma...finn fram kle, seng og små bleier =)

I går var eg og min kjære søster på IKEA å shoppa litt....eg kjøpte to små stoler til Sebastian, og da første han sa når eg hadde montert dei, var " e detta babyen sin??" Alt nytt i da sista har liksom vore te denne babyen, so forstår at han tenker sånn..hehe... men han vart strålande glad når han fekk beskjed om at dei va te han =D

I dag har eg ordna te soverommet vårt...fått inn baby-senga og litt sånn =) Kjekt å få ting på plass ;O)

Vert trangt å godt inne hjå oss no då men..... er det ikkje da som er halve sjarmen???
Måtte berre ta ett bilde av denne fantastiske rammo eg fekk te jul av min kjære søster, full av galne bilder av oss søstrene =) Vanvittig kjekt å ha!! =))) Den passa jo veldig bra på den lilla veggen på rommet vårt og ;O)

So kjøpte eg meg ei kiste på IKEA i går...te å ha litt kle i... eg pleier igrunnen å strø dei rund på heile rommet...men no når da vart litt mindre plass, fann eg ut at eg måtte finna ein anna løsning =) Veldig fornøyd med denne altså...


Sånn....da va litt om kordan me ligg ann her...me begynner å bli temmelig klar te å ta i mot det nye familiemedlemmet alle tre... =) Føler at eg har dradd lenge nok på denne ekstra kroppen på magen, og etter ein fantastisk kommentar fra min kjære i går, kjendte eg at nooo begynne eg å bli litt lei.... lure du litt på ka han sa?? Joda... " va du lika svær sist og??" Trur eg kan skriva under på at menn har INGEN aning om korleis det er å gå gravid.... og at sånne kommentarer IKKJE hjelper på når man føler seg so ein stranda kval.... jaja... =) Lykke te vidare te meg!!! =P