mandag 20. desember 2010

Bakedag

Torsdag 16.12.10 vart den store bakedagen her i huset. Var igrunnen nesten sånn at eg tok meg litt vatn øve høve =P men kom meg heldigvis gjennom det, uten spesielle varige men =P
Det første eg starta med var å laga 2 forskjellige lefse-deiger. Ein stompekake-deig og ein tjukk-lefse-deig-oppskift etter farmor =)
Så laga eg deigen til sjakkrutene, og la den i kjøleskapet til kvilings!
Når eg var ferdig med dette, va eg igrunnen godt lei =P og da lova jo ikkje godt! hehe....eg laga meg litt mat, og tok meg ein god pause i sofaen med litt bubbel town og husmors-tv=))) Etter ein times tid var eg "fit-for-fight" igjen!! =) Då sette eg i gang med lefsebakinga. Begge oppskiftene er tjukk-lefser, men stompe-kakene er litt mindre og tjukkere. Begge deler er farlig gode =P
Da vart ein stor bunke med lefser, men med steiketakko, so gjekk da heldigvis unna =)

Etter lefsebakinga var det på tide å hente lykketrollet mitt i barnehagen, so då fekk eg meg ein ny pause =)

Etter at roen hadde senka seg, og Sebastian var sovna, so begynte eg på an igjen... og laga sjakkrutene. Desse vart veldig gode =)

Det andre eg skulle prøve meg på, var noken tjukke, amerikanske pepperkake-kjeks. Eg fann link te oppskriften på babyverden.no =) Og dei høyrdes so gode ut, at eg måtte berre prøve. Og berre den lukts som kom i huset når eg holdt på å baka desse, va nok te å få julestemning av !! Fantastisk!!! =) Eg laga dobbel oppskrift eg, når eg likevel holdt på =)

Dei va berre heilt fantastisk gode!!! Te og med Stian va imponert, for han er egentlig ikkje so glad i sånne småkaker.

Legg ut link te oppskriften eg, viss noken er interessert i å prøve. Ho bruker noke ho kallar pepperkakekrydder (eller noke i den dur...da fann eg ikkje i butikken, so eg laga mitt eget pepperkakekrydder eg =) So viss du skal laga desse kan eg røpe ka eg hadde i ;O) Då får du berre gje ein lyd.

Her er linken te kakene viss du er litt nyfiken ;O) www.passionforbaking.com/blog/2010/12/13/fat-fluffy-gingerbread-cookies-pepperkaker-kjeks/

Fredag 17.12.10 var det julebord for alle barna i barnehagen te Sebastian. Eg måtte berre legge ut ett lite bilde av gogutten min i finstasen sin =) Klar for julebord!! =)))

mandag 13. desember 2010

Adventstiden =)

Tenkte da va på tide å blogga litt igjen...etter gamalt =P Va planen å legga ut ett innlegg om husmorsturen vår te Krakow og, og da kjem...men da får venta litt te =)
Me er alt kommen halvveis ut i adventstida, så då er da vel på tide å visa litt av da me her gjordt =) Her er årets adventsstake. Fant ut at eg måtte finna ut noke nytt i år, så derfor mekka eg i hop ein ny ein =) Fin sant?? haha...
Natt te 1.desember satte eg i gang med å pakka inn pakkekalenderen te Sebastian. Og jaggu kom eg i mål. Sebastian va stor fornøyd med alle pakkane so hang i taket om morgonen når han våkna...sjølv om han ennå ikkje har forstått at me berre skal åpna ein kvar dag =)

Første helga i desember baka eg og Sebastian kakemenn =) Da va veldig koselig....
Sebastian var veldig opptatt av at me måtte ha mjøl på kakene....MYKJE mjøl....So og sku smakast på...
Her konsentrerer me oss veldig... han var veldig flink...men etter ca 5 minutt, so va han ferdig...og da va mammo so måtte baka resten =)


Og resultatet vart veldig bra =) Og nok te alle...hehe... Spørs kanskje om me finn noken av desse att i kakeboksen neste år =P


Ein desemberdag i Dyrdalen =) Odelsguten måtte nett bort å sjå korleis da gjekk med alle dyrene sine =) Dei fekk brød av oss og litt høy =)

Så måtte mamma berre nett knipsa litt av nissegutten sin i høyet =) Detta va han meget skeptisk te!! =P Va nett so vidt me fekk fram ett smil =)

Og spesielt når pappen tok høy øve beina hans og.... "ikkje dyna på meg, pappa" =)




PEPPERKAKEHUS =)
I år fann eg ut at me nesten måtte pynta ett pepperkakehus.... men etter at den andre pakko med pepperkakehus-bitar va knekt, så angra eg litt på at me skulle da....men eg klarte no å mekka da i hop sånn nåke lunde og fekk hjelp av begge guttane mine te å pynte.


Og resultatet må eg jo berre sei vart veldig bra.... Stian og Sebastian åt mest....mens eg pynta =) So no skal da få lov å stå å støva ned ut juletida... =P



NISSEFEST I BARNEHAGEN
Den 7.desember skulle da vera nissefest i barnehagen...då vart Sebastian dressa opp i fult nisse-utstyr =) Eg måtte berre nett ta litt bilder av nissen min før eg sendte han av gårde... han ser litt forfjamsa ut ser deko..hehe... men sånn e da vel å vera 2 år og trøkt inn i ett sånt kostyme =)

Da hjalp litt å få ha nissefar på fanget =)




LUCIADAGEN
I dag er det luciadagen, og då måtte me berre baka litt lussekatter =)) Eg har fortsatt lussekatter i frysen frå i fjord, men trur ikkje dei er so gode lenger =P Så da vart laga nye...og dei vart vanvittig gode =) Da va me enige om ALLE tre =)
Sebastian er jo ein STOR skeptikar te da meste, så da at han åt 2 stor lussekatter tar eg so ett kompliment =P
Legger ut oppskriften eg, viss noken er interessert =) For dette er nok ein kjempe god bolle-oppskrift og =)
LUSSEKATTER
200 g smør (tine meieri smør)
7 dl melk
2 pakker gjær
Litt safran / gurkemeie
2 dl sukker
2 ts kardemomme
ein liten "dash" salt
ca 1 kg kveitemjøl
1 egg te pensling
- smelt smøret og ha i melka
- tilsett safran
- smuldr gjæren i ei bakebolle, og ha i melkeblandinga
- bland i alt det tørre
- heves i ca 40 minutt
- lag bollene
- etterheving i ca 50 minutt
- steikes midt i ovnen på 225 grader i ca 10 minutt
Lykke te =)